Saturday, December 3, 2011

på skulebesøk

"Nå kan alle lese," seier 1. klasse læraren med engasjement og stolthet i blikket. "Det var to elevar som ikkje kunne, men no kan dei også lese. Ei av dei kunne nesten ikkje spansk då ho begynte." Eg har vore på besøk på Martín Lutero, kyrkja si skule i Juliaca, og sett korleis ein time i 1. klasse artar seg. Ein etter ein av 6 åringane gjekk ivrig fram til tavla for lese høgt for alle dei andre. Etterpå har alle 30 elevane diktat og skriv ord med sirlig løkkeskrift i bøkene sine. Læraren fortel også at når ho går rundt i byen høyrer ho folk snakke om Martín Lutero: "Martín Lutero er ein bra skule, korleis kan den vera bra når den er statleg?" I Peru er det nemleg slik at det er to slags skular, private og statlege, veldig forenkla kan ein seie at private skular er gode og statlege skular er ikkje så gode. Dei fleste skulane kyrkja har, er statlege, altså at staten betalar lærarlønningar og bøker og elevane slepp å betale skulepengar. Det gjer at elevar frå familiar med dårleg økonomi også kan velge kyrkja sine skular. Og det som er kjekt er at skulane er gode skular som hevdar seg akademisk, og som samtidig er opptatt av at ungane skal få lære kva som står i Bibelen og få eit forhold til Jesus. :
(bildet er frå 4. klasse)

Monday, October 3, 2011

Heim




Det er godt å koma heim. Og særleg etter å ha reist i 13 timar, er det lite som er meir fristande enn å sove i egen seng. Men kva er heim, og kvar er heim. Eg pleier ikkje å bruke så lang tid på å kalle noko for heim, og utsagnet "eg går heim", har betydd mange forskjellige plassar dei siste månadene. Eg trur ikkje eg har sove meir enn 10 netter i strekk i den same senga sidan midten av juni.

Den heimen eg har nå har eg planer om å ha ein god del lenger enn ti netter. Denne heimen er ein koseleg leilighet i Quinta Tristan parken i Arequipa. Her har eg til nå sove 5 netter. Og når eg kom heim til denne leiligheten på lørdag måtte me gå frå andre sida av parken. Då tar eg meg sjølv i å tenke, kva for eit hus er det eigentleg eg bur i? Eg får resonert meg fram til riktig svar og låser oss inn. Dagen etter får eg svar på kvifor det såg litt annleis ut. Huset har skifta farge frå turkis til gult.

Og viss nokon lurar på kva postadressa heim til meg er, så er det Apartado 1387, Arequipa, Peru.

Og telefonnummeret heim til meg er 31 41 12 61. Det er ein norsk ip-telefon. Det vil si at det fungerer akkurat som ein norsk fasttelefon. Det kostar det same å ringe fra ein norsk telefon til dette nummeret, som til ein vanleg fasttelefon i Norge. (Men tidsforskjellen på 7 timar kan den ikkje gjere noko med)

Monday, August 22, 2011

Campingliv







Joda, eg har sett ganske mange campingvogner i mitt liv, og hatt ganske masse med campingvogner å gjere. Kanskje eg til og med har sett inni ei campingvogn før, det er eg faktisk ikkje heilt sikker på. Men i mitt 31 år gamle liv har eg aldri sove i campingvogn, før nå. Og grunnen til at eg nå for første gang sov på sofaen/det nedsveiva bordet i midten (viss du ikkje veit kva eg snakkar om, så har kanskje ikkje du heller sove i campingvogn...) er fordi mamma og pappa skal bygge hytte. Og fram til første soverom er ferdig, så bur ein i campngvogn. Ingrid, mamma og eg reiste altså på "hyttetur" for å blant anna bygge utedo. Utedoen har nå golv, tre veggar og tak. Det kjem nok utedoen til å ha ei god stund til. For nå er campingvogna låst, drillen pakka med i bilen og i natt skal eg sova på luftmadrass, eit godt stykke vekk fra campingvogna.

Friday, August 5, 2011

Ferie i Ecuador og Colombia









Bilder fra ferien i Ecuador og COlombia i juli









Thursday, August 4, 2011

Skal du ha ein pose eller?




Spurte kassadama på ICA. Eh jaa, svarar eg, kva er det for eit spørsmål. Eg har handla mat, klart eg skal ha pose. Er det nok med ein? spør kassadama. Og eg tenker at det mest naturlege ville vel vore fem, hvertfall på IC-norte i Cochabamba. Ein til shampoen, ein til grønsakene osv. Men eg må jo prøve å tilpasse meg kulturen, så eg ber om to. Då får eg plass til nesten alt. Shampoen legg eg saman med grønsakene og tørrvarene. Potetposen må eg bere utan å putte han i ein ICA-pose.

Det er 4. dagen min i Norge, og stort sett har ikkje ting forandra seg så mykje. Heime hos mamma og pappa i Ål er det også ganske likt som før. Akkurat nå les Mari Hallingdølen, Ingrid lagar fiskesuppe og Mamma og Ottar hesjar. Eg har det fint.

Friday, July 1, 2011

fint liv

Eg innser at eg er heldig. Eg er akkurat ferdig med to fantastiske aar i Bolivia. Onsdag reiste eg fra Arequipa, der eg har vore ti dagar saman med Helge, og mora og sostera til Helge. Ikkje berre var det veldig kjekt aa vera med Helge, men eg har funne ut at familien hans er ogsaa veldig koselig. Naa er eg i Ecuador og den neste maaneden skal eg gjera akkurat det eg vil i Ecuador og Columbia saman med eit supert reisefolge. I morgo faar eg treffe igjen Margit og Paul etter altfor lang tid. Etter ein maaned paa loffen i Sor Amerika, skal eg loffe i Norge og treffe familie og venner, ete brunost og mjolkesjokolde. Saa skal eg tilbake til Peru, der eg skal bu i ein koselig leilighet, faa ein spennande jobb, og ikkje minst bu 200 meter fra Helge.

Saa til tross for at eg akkurat naa maa taale litt karaokemusikk fra ein eller anna plass i naerleiken, tenker eg at eg er skikkeleg heldig.

Monday, June 20, 2011

koffert og menn.... mange menn

Fredag kjøpte eg ein stoor koffert på canchaen i Cochabamba. Lørdag fyllte eg den med alt eg kunne få plass til og enda litt til. Sette meg på den og fekk lirka igjen glidelåsen. Søndag begynte morroa. Da var det ganske mange som fekk prøve seg på å løfte kofferten. Eg var den første til å flytte den, fra rommet mitt i Cochabamba, ut i gangen og inn i heisen. Nede trur eg at eg fekk litt hjelp av nattevakta, men det hugsar eg ikkje heilt, for det var ganske tidlig. Så er det drosjesjåføren som tar over, og løftar inn i, og ut av drosjen. På flyplassen tok eg den med til skranka, der fekk eg sjå at den vog 30 kg. Etter dette var det nok opptil fleire menn, kanskje damer også som sukka litt over vekta, før eg fekk den igjen i La Paz. Der trilla eg rundt med den på flyplassen i nokre timar, før eg overlot den til neste skrankemann. Han var nok litt fasinert over at det gjekk ann å ha så mykje overvekt (sekken min vog 18 kg, så tilsaman drog eg rundt på 50 kg). Heller ikkje denne gongen veit eg kor mange som løfta på den.

I Arica i Chile får eg den igjen. Der må eg sjølv løfte den opp og ned i sikkerhetskontrollen, men vel ute er det taxisjåføren som tar over. Han har kofferten heilt til sjåføren på fellestaxien tar over, trillar den bort til bilen og løftar den opp. Det trengs litt omrokkering i bagasjerommet når eg kjem med min baggasje. På grensa til Peru løftar han den ut, eg må trille den over grensa. løfte den opp på sikkerhetskontrollbåndet og løfte den ned igjen. Sjåføren løftar den inn i bilen.

I Tacna er det sjåføren, ein sikkerhetsvakt på baggasjeoppbevaringa, ein anna hjelpsom mann og enda ein hjelpsom mann som løftar/trillar kofferten. Heilt til bussmannen tar over og løftar den inn i baggasjerommet på bussen. Der ligg den heilt til Arequipa, der ein ny drosjesjåfør løftar den inn og ut av drosjen. Så trillar eg den litt, før det kjem ein anna hjelpsom mann som desverre ikkje kan hjelpe meg med telefon, men han kan godt trille kofferten for meg. Til slutt kan han også hjelpe meg med telefon. Da kjem eg meg inn hos familien Bakke, og kofferten blir ståande rett innanfor døra på bakkeplan. Kanskje ein dag kjem han seg heilt opp til 3. etasje der eg bur for tida.

Tuesday, May 31, 2011

innestengte elevar

På morgonen i dag fekk eg ein telefon fra ei mor, "ungane kan ikkje koma på skulen i dag, dei har blokkert vegen rett nedanfor huset vårt". Då eg har lagt på ser eg at eg har fått melding, fra Elsa, om eg har snakka med dei andre foreldrene. Dei var visst også innestengt. Eg ringer dei, dei veit ikkje, dei ringer tilbake litt seinare og seier at dei trur det skal gå greit. Og 8.15, akkkurat på tida, er 6 elevar på plass, 2/3 av skulen. Far hadde køyrt omvegar for å klare å koma fram. Riktignok kjem det ein liten komentar om at dei gjerne skulle ønske at dei fortsatt hadde vore innestengt i gata si.

Bolivianarar streikar ikkje så mykje, men det dei gjer til gangs, det er å blokkere vegane. Dei som har noko dei vil ha sagt, stiller opp bilane sine på sentrale plasar, slik at det ikkje går an å køyre forbi. Tidleg på morgonen i dag køyrde drosjesjåførane ut på bruene, hovedvegane og andre plassar, for å stenge av (i dag var det dei som ikkje var fornøgd), og midt på dagen køyrde dei heim att. Om dei har fått det som dei ville, det veit eg ikkje. Men i morgo satsar me på å vera alle 9 på skulen igjen.

Monday, May 9, 2011

Buenos Aires


I Bolivia var det slett ikkje lett å få tak i sukker for nokre månader sidan. No er det sukker å få tak i, men prisen har stege kraftig.

Så når ein da på ferie i framand land får delt ut sukkerpose på sukkerpose, er det berre å seie ja takk for ein (eigentleg ikkje så) fattig arbeidar i msijonssambandet.

I påska var Hege, Ivar, Elsa og eg på ferie i Buenos Aires. Og me fann ut at me skulle teste kor mykje sukker me fekk, dersom me tok vare på alle sukkerposane som kom til kaffien. Sidan me er godt oppdratt, har god folkeskikk og ikkje er frekke og grådige, tok me berre posar som kom med koppen. Dersom det vart sett fram ei korg med sukkerposar (det skjedde slik omtrentleg ved annekvar kopp), så vart det ingen sukkerfangst.

Ein kunne sikkert skrive blogginnlegg om alt ein kan gjere i Buenos Aires, og det kunne vorte både langt og interessant. Det har ikkje eg gjort, men dersom nokon lurar på kva me brukte tida på, så vil eg påstå at biletet gjev ein ganske god peikepinn. Dei hadde god kaffi i Argentina.

Saturday, May 7, 2011

lasagne, Jesus og klær og sånn....



(forrige innlegg er eit samandrag av det som har skjedd fram til forrige torsdag)
På torsdag var det fullt hus heime hos meg. Ein del av dei som har vore på det Alphakurset me har holdt, kom på avslutningsmiddag. Lasagnane hadde stått i ovnen hos både meg og Preben ei god stund, og alt var klart til å ha ein koseleg middag. Gjestene kom, åt og kosa seg. Mange av dei som har gått på kurset ,går i den katolske kyrkja, eller dei går ikkje i kyrkja. Den katolske kyrkja i Sør Amerika er ei god blanding av katolsk tru og gamal andinsk religion. Så det at det berre er ved å tru på Jesus at ein kan koma til himmelen, er ukjent for mange. Mange trur at det som kan frelse dei er ein god blanding av gode gjerningar og ofring. I løpet av dette halve året som har gått, trur eg at mange av dei på kurset har begynt å tru at dei kan få koma til himmelen på grunn av Jesus. No er det fleire av dei som har lurt på kva som skjer no når kurset er over. Fins det eit kurs Betha? Etter middagen inviterte me dei med i kyrkja for å vera med på bibelsudie. Der underviste Kurt om kvite klær, altså at syndene våre vert dekt når me trur på Jesus. «Våre» Alphakursdeltakrar vart tatt godt imot av dei som var der, og sa at dei ville koma tilbake. Her i Bolivia så seier ein uansett at ein skal koma tilbake, så det treng ikkje bety at dei meinar det. Du kan gjerne be for dei som har gått på kurset. Be om at dei må få sjå nåden og at dei må få lære meir.

I stillhet og tillit

(Ei rask oppsumering av Alphakurset me har hatt)

For litt over eit halvt år sidan begynte eg og Eva å be. Så snakka me om kva me kunne gjera. Eg sa at det går jo an å starte Alpakurs. Eg tenkte vel eigentleg at det kjem me nok ikkje til å gjere..... Eva traff ein mann i parken. Han hadde lyst til å lese Bibelen, men syns det var vanskeleg. Han lurte på om det ikkje var ei gruppe i kyrkja som ein kunne lese Bibelen i. Eva sa at det kjem det snart til å vera. Så måtte me starte Alphakurs.

Me spurte nokre andre om dei ville vera med å starte. Dei sa ja. Me ba om at det måtte koma mange på Alphamiddag. Det gjorde det. Me starta kurset. Det kom ikkje så mange. Joselo og Ana og nokre andre kom. Søstera deira Pinni har gått i den Lutherske kyrkja i mange år, heilt sidan misjonærbarnvenninna hennes inviterte henne med på ungdomsklubben. Joselo spurte om han kunne få lov til å ta med seg nokre ungdomar som han kjente, og på neste kurs gjorde han det.

Me spurte i kyrkja om nokon vil koma på Alphakurs. Dei kom ikkje. Så gjekk den eine søndagen etter den andre med Alphakurs. Nokre gonger med mange, nokre gonger med få.

Joselo og Ana fekk Bibel til jul (av Niklas og Miriam). Joselo spør spørsmål på kurset. Joselo spør spørsmål ved middagsbordet heime. Joselo spør spørsmål når han snakkar med Niklas på jobb.

Me spør igjen om nokon i kyrkja vil vera med på kurset. Nokon kjem nokre gonger. Kurset nærmar seg slutten. Eva og eg lurar på kva som kjem til å skje etterpå, når kurset er ferdig. Me ber om at dei må få noko å vera med på etter kurset. Ungdomane i kyrkja kjem på besøk. Dei byrjar å spele fotball med ungdomane på Alphakurset.

Kurset sluttar. Nokon foreslår at me skal ha ein avslutningsmiddag heime hos meg. Eg seier, ja, det er ein god ide. Eg reiser til Buenos Aires så det blir utsatt. Så reiser eg til Peru, så det blir utsatt. Så, endeleg blir datoen satt. Ein torsdag. Akkurat den torsdagen skal kyrkja begynne med eit nytt bibelstudie i kyrkja, så me byrjar litt tidleg for at det skal kunne gå an å bli med dit etter middagen. Klokka seks står Eva og eg på balkongen og ber om at folk må trives og at dei må bli med i kyrkja etterpå.

Saturday, April 9, 2011

Peak Tunari

I dag var Hege og eg på tur.... høgt opp.... 2500 meter opp fra Cochabamba, 5000 meter opp fra Oslo. Der var det snø og kaldt i dag. Men det er jo kjekt å gå på tur. Bildet av Hege er fra toppen, utsikta var som de ser ikkje heilt topp. Det som gjorde det heile litt trist, var at på veg ned, letta det. Og når me da hadde køyrt heilt ned til Cochabamba etter turen, kunne me sjå toppen med blå himmel bak.

Eg syns derimot at det var gøy å gå på, ta på og sjå på snø igjen.



Tuesday, April 5, 2011

hobby


Nå kjenner eg på eit visst press for å oppdatere bloggen igjen, men kva skal ein skrive om..? Tenker eg heldt fram i same spor som det forrige innlegget. For det siste halvåret har eg utvikla ein hobby som har tatt meir tid og krefter enn mykje anna. Nemleg facebook. Det heile begynte på veg heim fra Peru for eit halvt års tid sidan, når eg sat og tenkte at; søren heller, kvifor snakka eg ikkje meir med perumisjonæren Helge. Hmm, kanskje eg skal sende han ei melding på facebook. Og det gjorde eg. Og dermed var hobbyen igang. Og dersom nokon er usikker på korleis ein slik hobby går føre seg...

send ein mail til ein kjekk gutt.
sjekk om du har fått svar.
sjekk om du har fått svar.
sjekk om du har fått svar.
Oj, det er svar....
lese svaret,
lese svaret ei gong til,
vente litt med å svare,
sende melding,
sjekke om du har fått svar.....


Og slik gjekk halvåret. Meldingane har etter kvart vorte mange. Dersom eg får økonomiske problemer nokon gong, skal eg vurdere å gje det ut som bok. Reknar med at det ville vore like interessant for alle andre som for meg, å lese om dagleglivet til denne Perumisjonæren.

Hobbyen førte til endra facebookstatus, noko som eg fortsatt blir litt overaska over, når eg ser det...

1. april vart hobbyen litt forandra, for da (innimellom andre aktivitetar) gjekk det ut på å sjekke kommentarar og smile (faktisk ganske breitt) over kommentarar. Facebookhobbyen har også ført til ein del spørsmål og oppfordringar i det siste, og det mest vanlege har kanskje vore, "fortell om Helge da.."

Så det skal eg gjere, her er litt info om Helge:
I følge den komande fylkesmannen i Finmark er han ein hunk. Akkurat det har eg ikkje tenkt å si noko meir om, men derimot om korleis Helge er sett gjennom mine rosa brilleglas:

frekk, sarkastisk og ironisk
morosam
klok, gjennomtenkt og reflektert
snill og omsorgsfull
ikkje ein mann av store ord, men ein mann til å stole på
gentlemann (hvertfall enn så lenge..)

Etter den endra facebookstatusen har andre vore meir enn villige til å dele av sin kunnskap om Helge Dgasland. Eg kan jo nemne at utsagnet "dere er så søte" har dukka opp fleire gonger den siste veka. Det er ikkje ofte eg får høyre at eg er søt, så da drar eg den konklusjonen at det må vera Helge som er den søte.

Anna info eg har fått er "du er heldig", "han er ein kjernekar" og "han er ein bra mann"

Og om andre spørsmål som dukkar opp .. kva skjer nå da?... så må nok folk vente i spenning litt til....

Saturday, February 19, 2011

ny hobby



Nokon har dilla på sko, eg og mine besøk har dilla på øyredobbar, her er dagens canchafangst.

Thursday, February 17, 2011

eg har kjøpt sukker

Ja, du leste rett, eg har faktisk fått kjøpt sukker, ein heil kilo. Nå var det ikkje sånn at det ikkje var sukker i huset, men man må jo benytte sjansen. Det har seg slik at sukkerhylla på supermarkedet har i det siste ikkje innehaldt meir enn ein lapp der det står "kun ein pose pr. kunde". I går gjekk ryktet om at det var sukker igjen! Og det stemte.

Grunnen til denne sukkermangelen er eg ikkje heilt sikker på. Det eg veit er at fra gasolinozoen ved nyttår så har det ikkje vore berre berre å kjøpe sukker. Veit du ikkje kva gasolinozoen er sa du? Jo det var at bensinprisane gjekk opp med 80 % over natta, og når folk viste tydeleg at det syns dei ikkje noko om, så gjekk det ned igjen, til akkurat den same prisen som før. Men når transportprisane gjekk opp, så gjekk også matvareprisane opp. Og det vart lange køar for å kjøpe sukker og mjøl billig. Etterkvart gjekk det over til å bli lange køar for å kjøpe sukker generelt.

Som den nordmannen eg er, tenkte eg at det var krise med mjølmangel, da kan ein jo etter kvart ikkje lage brød. Men det er visst ikkje slik her, for sukker brukar ein jo til ALT. Så det at eg har hatt ein kilo sukker i fleire månader er nok litt spesielt.

Men no er eg påvirka av bolivianarane, eg har ikkje begynt å bruke sukker i hverken, kaffen teen eller i nokon som helst del av frokosten, men når eg hadde mogelegheita til å kjøpe sukker i dag så vart eg rett og slett glad.

Saturday, February 5, 2011



Det kan vera mange grunnar til å ikkje skrive på bloggen. Det kan vera fordi det ikkje skjer noko, så det ikkje er noko å skrive om, eller det skjer så mykje at det ikkje blir tid til å skrive. I det siste har det skjedd mykje, så bloggskriving har blitt nedprioritert. Det var juleferie med kjempekoseleg besøk og reising hit og dit. Det har vore skulestart med ein god del ordning. Så var det fellesperiode med ungdomsskulen i Peru, og Chaparetur (jungeltur, sjå Ovidie sin blogg). Så var det barneleir.

Så når det i dag er lørdag med berre 2-3 planer i løpet va dagen, så livet skikkeleg godt. Elvira er på besøk, men reiser vidare i dag. Så i dag diska ho opp med pannekaker til frokost. Til lunsj fekk eg lasagne av Lene, som så klart også vart fortært på balkongen.

Lene er altså min nye sambuar, så nå er det enda trivelegare i leiligheten enn før. Ho har også blogg, og linken finn de på sida.