Sunday, December 27, 2009

5 picana



Lutiefisk har det vore dårleg med denne jula, men den tradisjonelle juleretten her i Bolivia, Picana, har eg derimot fått ete meg mett på mange gonger.

1. Picana
Forrige onsdag var siste skuledag, og siste heile dagen i Sucre for nokre av misjonærane som har budd her. Familien Skyttemyr inviterte alle på julemiddag, på Picana. Etter jul kjem nokre av oss til å bu i Cochabamba og nokre flyttar til Arequipa i Peru. Det har vore ein fantastisk gjeng å vera med, og eg har trivdes veldig godt saman med alle saman. Ein blir fort kjent når ein har det til felles at ein er utlendingar saman. Denne middagen var min første Picana, veldig god!

2. picana
Min gode kollega Rune har vore utruleg hjelpsom dette halvåret, og det har vore bra for meg som har vore så lost. Eg veit ikkje kor mange gonger eg har hengt meg på han og hans "gjøren og laden". Denne gongen førte det til enda ein Picanamiddag på eit språkinstitutt der nokre av vennene hans jobbar. Det vart litt småhektisk før me kom oss dit, for eg ville innom posten for å hente julepost. Det var ein pakkelapp til meg, og to pakkelappar til familien Eggebø. Den stakkars postmannen brukte laaaaang tid på å leite etter pakkene til dei som stod framfor oss i køen. (Ikkje greit å vera postmann i desse juletider..) Endeleg var det min tur, pakka mi fann han ganske fort, men Eggebø sine pakker leita han vel og lenge etter. Mens han leitar og me ser på klokka og trippar, kjem eg på at eg hadde henta to pakker til Eggebø forrige veke utan å levere inn pakkelappen. Når han sjekkar etter, ser den stakkars postmannen at eg har signert på at pakkene er henta for ei veke sidan. Litt seint ute til middag, men dette er Bolivia, derfor var ikkje maten heilt klar når me kom fram uansett. Veldig god picana denne gongen og.

3 picana
Når alle mine norske kolegaer hadde reist og eg var att "aleine" i Sucre var det tid for julemiddag med mi språkskule. Eg har tatt spansk 2-3 kveldar i veka dette halvåret, og nå byrjar det å løysne litt syns eg. Hadde ikkje forventa at det skulle ta så lang tid å lære eit språk, og det er veldig frustrerande med dei spanske verba der kvart verb finnst i ca 1000 former avhengig av tid, og kven som gjer det, og om du veit når det skjedde og om det er statisk eller forandra seg eller om..... Kan ikkje snakke rett enda, har ikkje gått gjennom alle tidene av verbet, og klønar når eg snakkar, men nå kan eg klare å kommunisere med folk. Fantastisk!

Uansett. Veldig kjekt å vera med på ein middag med andre studentar som heller ikkje snakkar perfekt spansk. Ein koseleg kveld med god mat.

4. Picana
Dagen for Picana er eigentleg julaften kl 24.00, da har det blitt den 25. desember og jula kan begynne. Eg var ferdig med min siste spansktime i Sucre 24. desember kl 18.30. Vel heime i huset var mor aleine heime og godt igang med Picanaen. Ho hadde steikt kyllingkjøttet i olje, før ho tok det ut og la det i ovnen, så steikte ho oksekjøtt i den same olja før ho la det og i ovnen. Etter det tok ho i løk, paprika og diverse grønnsaker (hugsar ikkje heilt..) i same olja saman med vatn for å lage kraft. Dette skulle stå både vel og lenge. Når det mangla ein halvtime (antageleg meir) tok ho i heile potetar, kjøtet og rødvin og lot det stå og koke saman resten av tida. Ved sida av kokte ho maiskolber. Etter at alle 8 familiemedlemane var på plass (barn og barnebarn), og pakkene under treet var rive opp, var det tid for å ete (klokka var vel 22-23). Veldig god mat denne gongen og. Når maten var ete opp, ungane hadde fått leika litt med julegavene, reiste me til familien til svigersønnen. Der var det fullt hus, gaveutdeling og godt med ungar som sprang rundt. I bilen heim igjen i halv eitt tida sovna minstemann på fanget mitt. Ungane her er nok stort sett oppe lenger enn ungane i Norge, særleg på juleaften.

5. picana
1. juledag var det julemiddag u kyrkja. Den skulle begynne kl fire om ettermiddagen. Eg tenkte at det ikkje var vits i å koma for tidleg, så sidan klokka var halv fire tenkte eg at eg kunne få tid til ein internetttur i byen. Kvart over fire, litt seinare enn eg eigentleg hadde tenkt å reise fra kafeen, merkar eg at eg ikkje har lommeboka, men heldigvis litt småpengar (i god gammaldags Anne Stølen stil, ikkje alltid heilt 100 % kotroll på saker og ting). Eg hadde nok til å betale for kaffien min, og til buss heim etter middagen, men ikkje til drosje til kyrkja slik eg hadde tenkt. Eg må gå, og kjem fram kvart på fem. Lurar litt på om eg skal våge meg inn, om dei er ferdig med å eta, om dette er veldig flaut.... Eg har tydelegvis ikkje vorte heilt vant til kulturen enda, for når eg kjem inn er det nesten tomt, og lovsangsbandet øver. Litt over fem byrjar dei møtet. Etter møtet er det tid for Picana. Det smakte godt denne gongen også.

Reknar med at det ikkje blir veldig mange fleire Picanamiddagar i år, men kanskje neste jul.... Og da kanskje eg får fram julekjensla av å ete Picana.