Sunday, January 31, 2010

6 timar på kyrkjebenken

I dag var det først gudstjeneste, etterpå var det årsmøte. Ting tar fort litt tid. Er faktisk ikkje heilt sikker, men eg trur 6 timar på kyrkjebenken er rekord for meg. Må også innrømme at eg stemte på noko som eg ikkje heilt visste kva var. Fulgte taktikken med å følge det store fleirtalet, men vart avslørt. Jaja, sånn kan det gikk.

Saturday, January 30, 2010

Agurknyhende

Ein ting som manglar i den Bolivianske sommaren er VG sine faste sommaroverskrifter. Om dei ei sakna eller ikkje kan jo diskuterast, men tilfelle nokon skulle ville ha ferske sumarnyhende tenkte eg å gje eit lite bidrag her. Sidan eg ikkje pleier å lese anna enn overskriftene, er det det eg tek med her.

Soldagene lar vente på seg.
I dag tittet sola så vidt frem, men det varte ikke lenge før skyene var tilbake på plass og genserne måtte på igjen.

Jordbærene er nede i 15 bolivianos kiloen.
På markedet i Avenida Amerikas koster jordbærene nå 15 kr kiloen. Men de som er på jakt etter de norske jordbærene, må nok vente en god stund enda.

Vi tester de beste isene.
Dumbo med sin banansplitt er jo for mange en sikker vinner, men det finnes også andre gode issteder. Anne tar testen.

Ferietips: Brasil
For de som ikke er fornøyd med varmen i Cochabamba kan vi anbefale Rio de Janeiro. Der ventes det varme dager fremover. Bading, fotballkamper, hangliding og sigtseeing er noe av det denne storbyen kan friste med.

Friday, January 29, 2010

Retting

Det går visst litt fort i svingane når eg skriv blogg om kvelden. Det skulle ikkje stå Ovivie, men Ovidie, og ikkje legrettov, men ligretto. Sånn kan det gikk.

Legrettov

Legretto blitt ein vesentleg del av livet i Bolivia. Huset til Eggebø er alltid åpent for legrettospelarar, og det syns eg absolutt er eit stort pluss i kvardagslivet. Kjenner at nå er eg rett og slett god og stiv og litt småsveitt etter intense kampar både i går og i dag. Eg gler meg til å spele med Mari, Ingrid og Anne Marie igjen etter å ha ligge i hardtrening i to år. Neste gong skal eg slå dykk!

Takk for kampen Jofrid, Alf Kåre og Katrine.

Og til Ovidie, du er ein hard bloggkonkurent, men eg har absolutt ikkje gitt opp.

Thursday, January 28, 2010

På canchaen

Når Jofrid og eg var på Canchaen tok Jofrid bilder.


Monday, January 25, 2010

Mandag

Sånn var mandagen min i dag;
Stå opp og ete frokost med Jofrid i sofaen. Gå til skulen. Lure litt på om nokon andre alt hadde kome og skrudd av alarmen. Tru at nokon hadde gjort det. Finne ut når alarmen gjekk at det var det ikkje. Lære seg korleis alarmen ser ut når den er på og når den er av. Ha matte, RLE, norsk, samfunnsfag, engelsk. Starte ein konkuranse med Ovivie om kven som klarar å skrive flest innlegg på bloggen før sommarferien (snakk om hard konkurrent) Ete eit rundstykke. Gå til språkskulen. Ha to timar spansk og bli minna om at todavia falta muchisimo que tengo que aprender. Gå heim. Vera sulten og trøyt. Bli møtt av fantastisk god gulrotkakelukt i leiligheten. Lage middag med Jofrid. Ete middag med Jofrid. Sjå litt på enkel amrikansk tv-underholdning. Reise i bursdag til Marit. Ete pizza. Ete kake. Prøve å snakke litt spansk. Bli litt kjent med nye folk. Køyre heim. Sitte litt for lenge på internett.

Saturday, January 23, 2010

I kristus


I dag var eg og Jofrid inni verdas største kristusstatue. Slik kan det sjå ut når ein er der.


For Gud, som sa: «Lys skal stråla fram frå mørkret», han har late det skina i våre hjarte, så kunnskapen om Guds herlegdom i Jesu Kristi andlet skal lysa fram.

Sunday, January 17, 2010

Ingen unnskyldning lenger


Nå er eg på plass i Cochabamba, og kan ikkje lenger bruke unnskyldningen med dårleg internett når eg ikkje har sendt mail eller skrive blogg. Må nok lage andre unnskyldningar nå. Har fått ein veldig fin leilighet i Cochabamba i 7. etasje. Og så har eg fått ei veldig bra romveninne som heiter Jofrid. Her er det bilde fra frokosten på verandaen i dag.