Friday, September 25, 2009

Trim for eldre.

På onsdag stod eg tidleg opp fordi ei eg kjenner lurte på om ville vera med på trim. Ganske spent køyrde eg avgarde litt før seks etter frokost og kaffi. Etter kva eg hadde forstått var det Florida på 33 og reisten var damer på rundt 50-60. Kva slags trim er det? Når folk var på plass (ein halv time etter meg, eg hadde misforstått tidspunktet, og ein halv time er mykje når det er før sju om morgonen), hadde me det veldig gøy alle saman. Dei skulle planlegge ein leikekonkurranse, så dei måtte øve seg på å leike. Dei 7 cholita-damene på 45-70 med skjørt og skaut var like ivrige alle saman. Poenget var å lenke seg saman og dra ut ein og ein. Både Rut og Olga hadde nok jobba hardt opp gjennom for dei hadde skikkelege musklar i armane. Halv åtte var termosen med te tom, lattermusklane var slitne og planane var klare for leikekonkurransen. I kveld skal dei konkurrere. EG håpar dei vinn turen sin til La Paz.

Framtidsplanene er klare

Hvertfall den nærmaste framtida. Etter jul skal eg flytte til Cochabamba og jobbe der. Tre av dei elevane eg har nå skal flytte dit og eg skal vera med. Det er veldig kjekke elevar og Cochabamba er ein by som visstnok skal ha fantastisk klima, så eg reknar med at det blir bra. Likevel blir det litt trist å skulle reise frå Sucre, eg har alt klart å bli glad i både byen og folka som er her.

Sunday, September 13, 2009

Taxi til sentrum

Når eg ein søndagskveld skal inn til byen for å gå på internett må eg utnytte ein eller anna form for transport. I kveld hadde eg minst fire mogelegheiter. Eg kunne gått. Det har eg ikkje prøvd enda, eg trur det er langt, iallefall med tanke på kor lang tid det tar med andre transportmiddel. Det kan hende at det virkar langt fordi andre transportmiddel ofte går i 30 kmt eller mindre. Eg kunne tatt microen, altså bussen til sentrum, men det er det transportmiddelet som går i mindre enn 30 kmt og stoppar ofte. Eg kunne køyrt bil, fordi eg har faktisk ein bil ståande rett utanfor huset som eg kan bruke, ein riktig så fin ein også faktisk. Men eg er så veldig fornøgd med at eg klarte å parkere den der på fredag utan å ripe opp verken bilen eller noko anna, så eg trur eg berre skal la den stå der lengst mogeleg. Dessutan gjer tanken på å skulle køyre inn til byen og lukeparkere på plazaen, at eg blir våt av stresssveitte i håndflatene. Ikkje fordi Sucre er ein så vanskeleg by å køyre i, men fordi Anne og bil ofte fører til sveitte håndflater. Eller eg kan ta taxi. Det er yndlingstransportmiddelet mitt her i Bolivia, for under ein tiar kan eg koma meg dit eg vil utan å køyre sjølv. For å få taxi ringer eg taxitelefonnummeret. Mens det ringer, lurar eg på kva grad av spansk eg skal prøve meg på, litt sånn engelsk-spansk « may I have a taxi for Condominio Bancario Ciento Cinco por favor, eller om eg skal prøve meg på noko some kanskje betyr det same «una taxi para condominio Bancario ciento cinco por favor», ofte blir det midt imellom. Etter at eg har sagt mitt, seier mannen i telefonen noko som eg trur betyr, «taxien kjem snart», da seier eg «Gracias», I dag sa mannen «nonono, que numbre?» Så da prøvde eg meg på å seie adressa ei gong til. Da sa han noko med eit tonefall som virka som om alt er greit. Da sa eg «Gracias», så seier mannen noko meir og Hasta Luega. Om ei lita stund kjem taxien, mannen i taxien seier noko med spørretonefall, eg tippar at rett svar er «si», så eg seier «si» Eg går inn i taxien og blir køyrt til byen, og kan gå på kafe heilt utan å lukeparkere.