Sunday, October 31, 2010

Mamma og Pappa og sofa


Kva er det eigentleg som kan passe inn som bloggstoff. Dette blogginnlegget handlar ikkje om livet mitt i Bolivia, men om livet mitt.

Eg har både mamma og pappa som eg er veldig glad i. Av og til syns eg dei er frykteleg treig, sånn som for eksempel når dei aldri får kjøpt ny sofa. Sofaen heime i Ål er nemleg godt brukt, segen i stoppen, slitt i stoffet og ikkje litt vel spraglete til at me er ferdig med 90-tallet. Nå har pappa sendt mail og fortalt at dei skal kanskje kjøpe ny sofa. Og enda ei gong lærte eg litt om relasjonar. For sannheita er at det er alltid bra å opphalde seg i sofaen i Ål, for det er alltid kjekt å vera heime hos mamma og pappa. Der er det menneska som står i fokus. Og sjølv om sofaen ikkje er fin, er tanken på sofaen i stugu i Ål ein skikkeleg fin tanke.

Dette skreiv Pappa (og det er akkurat slik mamma og pappa er, )

Det er jo litt sørgeleg , dersom den gamle sofaen må kastast. For den er jo så god. Fin var han også ein gong i tida. Med nytt trekk kunne han blitt finare enn nokon gong. No seier mamma også det , for no har me bestilt ny. Kanskje Fretex har folk som renoverar møblar ? Eller kanskje me kunne ta ut ein 2-seter eller ein 3-seter av han og få tapetsert omatt og få ein kjempegod sofa på hytta ?
Det kunne visst vera verdt eit studium i psykologi dette., ein doktorgrad kanskje.Eit par som giftar seg og kjøper sin første sofa etter 17-18 år , slit ut den og kjøper ein ny lenge etterpå , same veka som sin 35-års bryllupsdag. Studere samarbeid og mekanismane som virkar mellom to som er avhengige av kvarandre. Eg trudde eg stod for å trekke om den gamle sofaen og mamma stod for å kjøpe ny. Er ikkje så sikker lenger. Eg trudde eg les reklame og mamma berre irriterar seg over papirhaugane. Direct mail. Denne veka var det kampanje på Bohus. Ein del tilbud som skulle vera berre torsdag fredag laurdag. Mamma las reklamen. Mamma fann sofatilbud og teppetilbud. Det vart ikkje til at me kjøpte teppe. Modulsofa heiter det no for tida. På nettsidene til møbelfabrikk Brunstad (Sykkylven) kan ein teikne sofa i lange banar , ganske bokstaveleg. Me har i alle fall printa ut meir enn 10 teikningar. Vinkel i 90 grader og 45 grader og ein og to og treseter og bord og diverse variasjonar. Men den me har tinga er faktisk slik som den gamle. Gamle gode sofaen vår. Den nye blir også veldig god å sitja i . Og han er litt forskjellig , for den lengste enden er på andre sida av svingen !
Leveringstid 5 veker , så det blir vel ein gong i desember .
p

Sunday, October 24, 2010

mange godsaker

Nå har eg oppdatert blogglista med fleire Bolivia og Perumisjonærar. Ta ein titt, der er det mykje bra å lese. For eksempel kan de lese at eg var på fjelltur i går.

Kos deg!

Sunday, October 17, 2010

Kvinnehelg




Etter tre dagar på kvinnehelg i Sucre har eg lært at ein kan spele volleball med vannballongar og håndkle, at strikketøy er ein bra icebreaker (enda bedre enn været), og at Jesus ikkje vart frista av satan før han var skikkeleg skikkeleg sulten, derfor må me vera obs når me har skikkeleg skikkeleg behov for noko.

Eg har altså vore med på kvinneleir i regi av kyrkja. Ein ting som eg tenkte på i løpet av desse dagane var kor lite me nordmenn (nordkvinner) gjorde. I husa på bibelskulen i Sucre har det vore mange nordmenn på talarstolen. Her har nordmenn lært Bolivianarar at Jesus er vegen til himmelen. På grunn av nordmenn så er det ei luthersk kyrkje i Sucre. Denne helga gjorde ikkje dei 6 nordmennene særleg mykje ut av seg. Det var bolivianske damer som gjorde at det vart ei kvinnehelg og at det vart ei bra kvinnehelg. Kjekt å sjå at det er bolivianarar med hjarte for Jesus. Og når dei kan lage kvinneleiren slik dei vil, så kan dei nok lage ein leir som passar betre for seg sjølv enn det me kunne klart.