Sunday, December 27, 2009

5 picana



Lutiefisk har det vore dårleg med denne jula, men den tradisjonelle juleretten her i Bolivia, Picana, har eg derimot fått ete meg mett på mange gonger.

1. Picana
Forrige onsdag var siste skuledag, og siste heile dagen i Sucre for nokre av misjonærane som har budd her. Familien Skyttemyr inviterte alle på julemiddag, på Picana. Etter jul kjem nokre av oss til å bu i Cochabamba og nokre flyttar til Arequipa i Peru. Det har vore ein fantastisk gjeng å vera med, og eg har trivdes veldig godt saman med alle saman. Ein blir fort kjent når ein har det til felles at ein er utlendingar saman. Denne middagen var min første Picana, veldig god!

2. picana
Min gode kollega Rune har vore utruleg hjelpsom dette halvåret, og det har vore bra for meg som har vore så lost. Eg veit ikkje kor mange gonger eg har hengt meg på han og hans "gjøren og laden". Denne gongen førte det til enda ein Picanamiddag på eit språkinstitutt der nokre av vennene hans jobbar. Det vart litt småhektisk før me kom oss dit, for eg ville innom posten for å hente julepost. Det var ein pakkelapp til meg, og to pakkelappar til familien Eggebø. Den stakkars postmannen brukte laaaaang tid på å leite etter pakkene til dei som stod framfor oss i køen. (Ikkje greit å vera postmann i desse juletider..) Endeleg var det min tur, pakka mi fann han ganske fort, men Eggebø sine pakker leita han vel og lenge etter. Mens han leitar og me ser på klokka og trippar, kjem eg på at eg hadde henta to pakker til Eggebø forrige veke utan å levere inn pakkelappen. Når han sjekkar etter, ser den stakkars postmannen at eg har signert på at pakkene er henta for ei veke sidan. Litt seint ute til middag, men dette er Bolivia, derfor var ikkje maten heilt klar når me kom fram uansett. Veldig god picana denne gongen og.

3 picana
Når alle mine norske kolegaer hadde reist og eg var att "aleine" i Sucre var det tid for julemiddag med mi språkskule. Eg har tatt spansk 2-3 kveldar i veka dette halvåret, og nå byrjar det å løysne litt syns eg. Hadde ikkje forventa at det skulle ta så lang tid å lære eit språk, og det er veldig frustrerande med dei spanske verba der kvart verb finnst i ca 1000 former avhengig av tid, og kven som gjer det, og om du veit når det skjedde og om det er statisk eller forandra seg eller om..... Kan ikkje snakke rett enda, har ikkje gått gjennom alle tidene av verbet, og klønar når eg snakkar, men nå kan eg klare å kommunisere med folk. Fantastisk!

Uansett. Veldig kjekt å vera med på ein middag med andre studentar som heller ikkje snakkar perfekt spansk. Ein koseleg kveld med god mat.

4. Picana
Dagen for Picana er eigentleg julaften kl 24.00, da har det blitt den 25. desember og jula kan begynne. Eg var ferdig med min siste spansktime i Sucre 24. desember kl 18.30. Vel heime i huset var mor aleine heime og godt igang med Picanaen. Ho hadde steikt kyllingkjøttet i olje, før ho tok det ut og la det i ovnen, så steikte ho oksekjøtt i den same olja før ho la det og i ovnen. Etter det tok ho i løk, paprika og diverse grønnsaker (hugsar ikkje heilt..) i same olja saman med vatn for å lage kraft. Dette skulle stå både vel og lenge. Når det mangla ein halvtime (antageleg meir) tok ho i heile potetar, kjøtet og rødvin og lot det stå og koke saman resten av tida. Ved sida av kokte ho maiskolber. Etter at alle 8 familiemedlemane var på plass (barn og barnebarn), og pakkene under treet var rive opp, var det tid for å ete (klokka var vel 22-23). Veldig god mat denne gongen og. Når maten var ete opp, ungane hadde fått leika litt med julegavene, reiste me til familien til svigersønnen. Der var det fullt hus, gaveutdeling og godt med ungar som sprang rundt. I bilen heim igjen i halv eitt tida sovna minstemann på fanget mitt. Ungane her er nok stort sett oppe lenger enn ungane i Norge, særleg på juleaften.

5. picana
1. juledag var det julemiddag u kyrkja. Den skulle begynne kl fire om ettermiddagen. Eg tenkte at det ikkje var vits i å koma for tidleg, så sidan klokka var halv fire tenkte eg at eg kunne få tid til ein internetttur i byen. Kvart over fire, litt seinare enn eg eigentleg hadde tenkt å reise fra kafeen, merkar eg at eg ikkje har lommeboka, men heldigvis litt småpengar (i god gammaldags Anne Stølen stil, ikkje alltid heilt 100 % kotroll på saker og ting). Eg hadde nok til å betale for kaffien min, og til buss heim etter middagen, men ikkje til drosje til kyrkja slik eg hadde tenkt. Eg må gå, og kjem fram kvart på fem. Lurar litt på om eg skal våge meg inn, om dei er ferdig med å eta, om dette er veldig flaut.... Eg har tydelegvis ikkje vorte heilt vant til kulturen enda, for når eg kjem inn er det nesten tomt, og lovsangsbandet øver. Litt over fem byrjar dei møtet. Etter møtet er det tid for Picana. Det smakte godt denne gongen også.

Reknar med at det ikkje blir veldig mange fleire Picanamiddagar i år, men kanskje neste jul.... Og da kanskje eg får fram julekjensla av å ete Picana.

Friday, November 13, 2009

Akkurat nå opplever eg ein type luksus som det er ei stund sidan sist. Eg har raskt internett :). Eg er i Santa Cruz som skiller seg ein god del fra resten av Bolivia. Det ligg mykje lågare enn Sucre, og har eit heilt anna klima. Her er det godt og varmt og fuktig, dessutan er det dyrt her. I dag har eg klart å bruke heile hundre kroner på middag, kaffi og desert! Eigentleg burde eg vera skikkeleg sprek når eg er her, sidan eg har kome ned nokre tusen meter, men kan ikkje si at eg har merka så mykje til det. Eg merka det derimot når eg var oppe på 3000-4000 forrige helg. Ikkje slik til vanleg, men når eg skulle prøve å kappspringe litt med elevane mine og seinare jogge opp ein bakke, pusta eg rimeleg godt etterpå. Fint å hah noko å skulde på.

Har visst ikkje skrive på ein måned, så her er ein kort oppdatering: Cochabamba; massevis av norske mijonærar, grundig bowlingnederlag, Santa Cruz; basseng og mat, mat og basseng, VARMT!, Potosi; køyrte rundt etter parkeringsplass i ein time! gamal sølvby 4000 moh, "joggetur", andpusten, guida tur rundt i eit kloster saman med spreke 70-80 åringar. Uyuni, salt, kaktus, fantastisk landskap, grundig kroppsristing på humpete veg. Sucre; borte bra, men heime best. Likar byen min betre og betre.








Sunday, October 11, 2009


Morgentrim.
Er fortsatt veldig fasinert over innsatsen til Olga og dei andre som spelar basket kl 6 om morgonen. Her ser de Ruth og Olga som forsvarar korga vår. Sidan eg er ein god del yngre enn dei fleste andre og eit til to hovud lengre var eg riktig så god til å spele. Eg fekk kjøpslått meg til ein lunsj hos Olga sidan eg køyrde damene til byen, så i går fekk eg fisk heime hos Olga. Veldig koseleg! Ho flytta til Sucre som ung fordi alle søskena hennes flytta. Ho har 9 ungar, tre av dei er advokatar, ein er arkeolog og ein er tannlege. Når minstemann var 3 år mista ho mannen sin. Rett og slett ei imponerande dame på 74 år.

Friday, September 25, 2009

Trim for eldre.

På onsdag stod eg tidleg opp fordi ei eg kjenner lurte på om ville vera med på trim. Ganske spent køyrde eg avgarde litt før seks etter frokost og kaffi. Etter kva eg hadde forstått var det Florida på 33 og reisten var damer på rundt 50-60. Kva slags trim er det? Når folk var på plass (ein halv time etter meg, eg hadde misforstått tidspunktet, og ein halv time er mykje når det er før sju om morgonen), hadde me det veldig gøy alle saman. Dei skulle planlegge ein leikekonkurranse, så dei måtte øve seg på å leike. Dei 7 cholita-damene på 45-70 med skjørt og skaut var like ivrige alle saman. Poenget var å lenke seg saman og dra ut ein og ein. Både Rut og Olga hadde nok jobba hardt opp gjennom for dei hadde skikkelege musklar i armane. Halv åtte var termosen med te tom, lattermusklane var slitne og planane var klare for leikekonkurransen. I kveld skal dei konkurrere. EG håpar dei vinn turen sin til La Paz.

Framtidsplanene er klare

Hvertfall den nærmaste framtida. Etter jul skal eg flytte til Cochabamba og jobbe der. Tre av dei elevane eg har nå skal flytte dit og eg skal vera med. Det er veldig kjekke elevar og Cochabamba er ein by som visstnok skal ha fantastisk klima, så eg reknar med at det blir bra. Likevel blir det litt trist å skulle reise frå Sucre, eg har alt klart å bli glad i både byen og folka som er her.

Sunday, September 13, 2009

Taxi til sentrum

Når eg ein søndagskveld skal inn til byen for å gå på internett må eg utnytte ein eller anna form for transport. I kveld hadde eg minst fire mogelegheiter. Eg kunne gått. Det har eg ikkje prøvd enda, eg trur det er langt, iallefall med tanke på kor lang tid det tar med andre transportmiddel. Det kan hende at det virkar langt fordi andre transportmiddel ofte går i 30 kmt eller mindre. Eg kunne tatt microen, altså bussen til sentrum, men det er det transportmiddelet som går i mindre enn 30 kmt og stoppar ofte. Eg kunne køyrt bil, fordi eg har faktisk ein bil ståande rett utanfor huset som eg kan bruke, ein riktig så fin ein også faktisk. Men eg er så veldig fornøgd med at eg klarte å parkere den der på fredag utan å ripe opp verken bilen eller noko anna, så eg trur eg berre skal la den stå der lengst mogeleg. Dessutan gjer tanken på å skulle køyre inn til byen og lukeparkere på plazaen, at eg blir våt av stresssveitte i håndflatene. Ikkje fordi Sucre er ein så vanskeleg by å køyre i, men fordi Anne og bil ofte fører til sveitte håndflater. Eller eg kan ta taxi. Det er yndlingstransportmiddelet mitt her i Bolivia, for under ein tiar kan eg koma meg dit eg vil utan å køyre sjølv. For å få taxi ringer eg taxitelefonnummeret. Mens det ringer, lurar eg på kva grad av spansk eg skal prøve meg på, litt sånn engelsk-spansk « may I have a taxi for Condominio Bancario Ciento Cinco por favor, eller om eg skal prøve meg på noko some kanskje betyr det same «una taxi para condominio Bancario ciento cinco por favor», ofte blir det midt imellom. Etter at eg har sagt mitt, seier mannen i telefonen noko som eg trur betyr, «taxien kjem snart», da seier eg «Gracias», I dag sa mannen «nonono, que numbre?» Så da prøvde eg meg på å seie adressa ei gong til. Da sa han noko med eit tonefall som virka som om alt er greit. Da sa eg «Gracias», så seier mannen noko meir og Hasta Luega. Om ei lita stund kjem taxien, mannen i taxien seier noko med spørretonefall, eg tippar at rett svar er «si», så eg seier «si» Eg går inn i taxien og blir køyrt til byen, og kan gå på kafe heilt utan å lukeparkere.

Saturday, August 29, 2009

Ta til høgre i Epizana

På forrige torsdag reiste Rune og eg fra vakre, koselege og sjarmerande Sucre til storbyen Cochabamba. Sidan det ikkje er kvar dag nettet er medgjerleg her har eg ikkje fått lagt ut denne før no. Grunnen til at me reiste dit var at me skulle innom den norske skulen der for å ta med oss skulebøker, og ikkje minst fordi me skulle hente heim den nye skulebilen. Det var veldig kjekt å koma til Cochabamaba og møte nokre av dei som bur der. Me fekk bu i leiligheten der Lene bur (tusen takk for koseleg selskap og Saltenasfrokost) og familien Ohma inviterte oss på Pizza (tusen takk, det var veldig koseleg, gler meg til å treffe dykk igjen.)

Fredag var me innom på skulen og på kontoret. Eg byrjar å bli ganske god til å stå taus ved sida av Rune eller andre spansktalande oppegåande menneske og høyre på at dei ordnar opp for meg. Blablabla passaporte blablabla casa blablabla bien blablabla no bien blablabla håndbevegelser som viser at nokon har hengt i lysekrona blablabla. Det er veldig kjekt å få så god hjelp.

Laurdag skulle me køyre heim. Det var ein 7 timars tur og den einaste vegbeskrivelsen me visstnok trengte var å ta til høgre i Epizana. Me fann fram, så etter høge fjell, svingete vegar og fleire mil med brustein, er eg tilbake i huset mitt med hage :) og lysekrone på skeiva.