Friday, December 24, 2010

Sunday, December 12, 2010

Ei solskinshistorie?

“Jamen, eg trur det at han døde på korset, det skal vera for å hjelpe oss til å ikkje synde så masse, det skal vera eit symbol.” Dette vart sagt av ein ung cochabambinar I dag på alfakurset som me har her.

Dei som har lest andre sine bloggar har fått med seg at me har starta alfakurs. Alfakurs var noko Eva og eg snakka om ei gong på eit bønnemøte, men snakk og gjennomføring er jo ikkje alltid det same. Så skjedde det at Eva traff ein mann i parken som ho begynte å snakke med, og som syns at det var vannskeleg å lese i bibelen. Han lurte på om ikkje kyrkja vår hadde ei gruppe der ein kunne lese bibelen sammen og lære litt. Og det var da Eva måtte si at, nei ikkje enda, men snart! Og snakk vart til handling.

Desse vekene me har drive på har det vore mange tankar, frustrasjonar, problem og oppmuntringar. Det har heile tida virka som om Gud har vore med og ordna opp (for det me har kunna bidratt med har ikkje vore all verdens) Første kurskveld var det ikkje så mange, og det var da ein av deltakarane spurte, "kan eg ta med andre, eg kjenner nokon gutar i nabolaget her, dei vil sikkert." Og joda, i og med at me jo driv med misjon og gjerne vil ha med flest mogeleg, så var me ikkje så vannskelege på akkurat det. Andre kurskveld kom desse ungdomane, og i dag, tredje gangen hadde enkelte av ungomane med seg søsken og andre venner. Så nå har dei lært om, og diskutert om kvifor Jesus døde. Mange var ivrige og nysgjerrige. Håpar at dei heldt fram med å kome og at dei forstår kvifor Jesus døde.

Heile Sør-Amerika blir jo rekna som eit kristent kontinet, men dersom ein reknar etter kor mange som trur at jesus døde for syndene deira, og at det er den einaste vegen til frelsa, så er det ikkje sikkert at det blir så mange likevel.

Det er hvertfall eit lite under at det dukkar opp ein gjeng med ungdommar, som etter det eg veit ikkje pleier å gå veldig masse i kyrkja, og heilt frivillig sit å høyrer om at Jesus døde for syndene deira. Og om dette er ei solskinshistorie, (som kanskje er Utsyn verdig,) det kan eg koma tilbake til når kurset nærmar seg slutten, og ungdommane kanskje tenker og trur andre ting enn det som denne unge cochabambinaren sa i dag.

Thursday, December 2, 2010

og sånn går no dagan

Klokka 7.55, gå heimanfra.
Klokka 8.10, sjekke om Enrequeta kontordame kunne snakke med meg, ho var opptatt med torsdagsandakt.
klokka 8.12, sette på kaffe på skulen, og skrive timeplan på tavla.
klokka 8.17, si god morgen til verdas beste elevar.
klokka 8.25, snakke med Enrequeta og audmjukt innrømme at eg har mista carneet (identitetskortet) og må reise til Sucre for å få tak i eit papir.
klokka 8.27. kopiere Enrequeta sin kopi av carneet mitt og betale det skulen skyldar kontoret for november.
klokka 8.35 ta taxi til flyplassen og sende ein sms.
klokka 9.35 ville sende ein melding til men ikkje klare å finne telefonen, sur og sint for å ha mista telefonen også.
klokka 10.35. Finne telefonen i bagasjen eg hadde sjekka inn.
klokka 11.oo Innrømme audmjukt til ein politimann på migrasjonskontoret i Sucre at eg har mista carneet. Bli sendt vidare
klokka 11.01. Innrømme audmjukt til ein politimann på migrasjonskontoret i Sucre at eg har mista carneet. Bli sendt vidare
Klokka 11.02 Innrømme audmjukt til ein politimann på migrasjonskontoret i Sucre at eg har mista carneet. Få beskjed om å gå til ein advokat.
klokka 11.20. Innrømme audmjukt til ein advokat at eg har mista carneet. Spørja om ho kan skrive ein søknad for meg.
klokka 11.25. Bli litt fasinert over at advokaten deler kontor med faren sin som er lege og bli fasinert over årgangen på datamaskinen hennes.
klokka 11.30. bli facinert over at i dokumentasjonen fra notarioen som eg hadde i mappa har dei skrive klokkeslett og dato med bokstavar (klokka fem og femten minutt, dagen i dag onsdag, femtende september det året totusen og ti)
klokka 12.55. Gå tilbake på migrasjonskontoret og levere inn papir. Få ein kvitering.
klokka 12.15 Gå til ein anna mann ved ein anna pult på migrasjonskontoret for å få ein ny kvitering.
klokka 12.30. Trekke kølapp i banken.
klokka 12.50. Vise fram kviteringa fra migrasjonskontoret, betale 100 bol og få ei kvitering i 3 eksemplar, stempla og signert.
klokka 13.10. Ete chili con carne på joyride og snakke med ein backpacker.
klokka 14.25. Gå innom ei kopisjappe og kopiere passet og kopien av carneet.
klokka 14.35. Levere kviteringa til ein av mennene på migrasjonskontoret. Vente på at han får henta eit papir ut fra safen, skrive litt på data, skrive med sirlig håndskrift inn i ei bok og gitt meg ei ny kvitering på at eg har betalt og ei mappe.
klokka 14. 50 Levere mappe med kvitering, søknad fra advokat, passkopi og carnetkopi til ein anna mann på migrasjonskontoret.
klokka 15.15, limonada, ensalada de frutas og internett på Napolitana.