Saturday, December 3, 2011

på skulebesøk

"Nå kan alle lese," seier 1. klasse læraren med engasjement og stolthet i blikket. "Det var to elevar som ikkje kunne, men no kan dei også lese. Ei av dei kunne nesten ikkje spansk då ho begynte." Eg har vore på besøk på Martín Lutero, kyrkja si skule i Juliaca, og sett korleis ein time i 1. klasse artar seg. Ein etter ein av 6 åringane gjekk ivrig fram til tavla for lese høgt for alle dei andre. Etterpå har alle 30 elevane diktat og skriv ord med sirlig løkkeskrift i bøkene sine. Læraren fortel også at når ho går rundt i byen høyrer ho folk snakke om Martín Lutero: "Martín Lutero er ein bra skule, korleis kan den vera bra når den er statleg?" I Peru er det nemleg slik at det er to slags skular, private og statlege, veldig forenkla kan ein seie at private skular er gode og statlege skular er ikkje så gode. Dei fleste skulane kyrkja har, er statlege, altså at staten betalar lærarlønningar og bøker og elevane slepp å betale skulepengar. Det gjer at elevar frå familiar med dårleg økonomi også kan velge kyrkja sine skular. Og det som er kjekt er at skulane er gode skular som hevdar seg akademisk, og som samtidig er opptatt av at ungane skal få lære kva som står i Bibelen og få eit forhold til Jesus. :
(bildet er frå 4. klasse)