Saturday, August 29, 2009

Ta til høgre i Epizana

På forrige torsdag reiste Rune og eg fra vakre, koselege og sjarmerande Sucre til storbyen Cochabamba. Sidan det ikkje er kvar dag nettet er medgjerleg her har eg ikkje fått lagt ut denne før no. Grunnen til at me reiste dit var at me skulle innom den norske skulen der for å ta med oss skulebøker, og ikkje minst fordi me skulle hente heim den nye skulebilen. Det var veldig kjekt å koma til Cochabamaba og møte nokre av dei som bur der. Me fekk bu i leiligheten der Lene bur (tusen takk for koseleg selskap og Saltenasfrokost) og familien Ohma inviterte oss på Pizza (tusen takk, det var veldig koseleg, gler meg til å treffe dykk igjen.)

Fredag var me innom på skulen og på kontoret. Eg byrjar å bli ganske god til å stå taus ved sida av Rune eller andre spansktalande oppegåande menneske og høyre på at dei ordnar opp for meg. Blablabla passaporte blablabla casa blablabla bien blablabla no bien blablabla håndbevegelser som viser at nokon har hengt i lysekrona blablabla. Det er veldig kjekt å få så god hjelp.

Laurdag skulle me køyre heim. Det var ein 7 timars tur og den einaste vegbeskrivelsen me visstnok trengte var å ta til høgre i Epizana. Me fann fram, så etter høge fjell, svingete vegar og fleire mil med brustein, er eg tilbake i huset mitt med hage :) og lysekrone på skeiva.