Tuesday, April 6, 2010

All in one combo player

Har i dag vore på Canchaen og kjøpt kasettspelar. Må jo innrømme at det er ei stund sidan sist eg kjøpte noko som kunne spele kasettar, men no har eg altså fått meg kasettspelar. Men, nå skal det seiast at kasettar er ikkje det einaste som kan spelast på dette vindunderet, eg nemner i fleng: kasett, dvd, svcd, vcd, mp3... Så nå skin den nye maskina mot mi i nydeleg metalic sølv, og dersom eg ikkje er heilt fornøgd med lyden kan eg jo trykke på dynamic bass x boost knappen så den lyser raudt.

For eit kjøp!!!!

Bolivia har heldigvis nok av mogelegheiter for å leve ut ein halling sine harrybehov.

Sunday, April 4, 2010

Påske

Etter nokre dagar utan internett er eg tilbake i verden og får med meg det som skjer i Norge og Ål. Kjempetrist at Birgitte og Erlend vart tatt av snøskredet. Kan ikkje klare å forestille med korleis familien har det nå, det heile verkar så utruleg urettferdig.

Men! Det er påske. Jesus vant over døden. Dei to har det bra. Må gud også vera ei god støtte for familiane.