Sunday, November 28, 2010

amar y cocinar

Det er ingen tvil om at Bolivia er ein machokultur. Og eg skulle ønske at mennene her visste noko om kor heldige dei er med dei bolivianske damene. Virkar som om dei gjerne vil lage mat og gjere alt husarbeidet. Dessutan er det jo heilt sjølvsagt at damene ikkje skal gå ut aleine med venner utan at mannen er med. For å gje eit bittelite inntrykk av kor kravstore norske kvinner er, har eg sagt at eg vil ha ein mann som kan lage all maten og gjere alt husarbeidet. Eg vil ikkje løfte ein finger. I går var det ein mann som hadde tatt jobben seriøst og ville hjelpe til med å finne passende menn til meg og Elsa. Han hadde funne menn som kunne lage mat, men problemet var at dei kunne ikkje lage masse mat. For så stoooore som me er (eg velger å tolke det som høge) så åt me sikkert minst ein hest om dagen.

Thursday, November 25, 2010



Me er forskjellige. Nokre er gode på det med møter, nokre likar møter, planleggingsmøter, laaaange møøøøøøøter, og andre møter. Eg har funne ut at det er kanskje ikkje akkurat det eg er god på. Heldigvis lærte eg noko nyttig av Aud Irene når me var på konferanse i Peru for ein stund sidan. EIn kan strikke på møter. For over eit år sidan kjøpte eg garn, før Peruturen for vel ein måned sidan hadde eg strikka 5-10 cm. Nå har eg begynt å ta med strikketøyet på nokre av møtene som er her, og nå kan ein begynne å snakke om produksjon. Det beste av alt er at det kriblar litt mindre i beina.

(og så føler eg jo at akkurat når eg sit der på møtet og strikkar så passar eg igrunnen ganske godt inn i sambandet)

Tuesday, November 23, 2010

søndagsmorgon

Søndags morgon ringte det på døra. Det var Pinni som berre skulle stikke innom ein liten tur for å finne noko på internett. Av og til møter ein menneske som imponerer, ho er ei slik. Me fekk ikkje sjekka nettet, men ho fortalte at ho var på veg ut på gata for å snakke med ein gut. Pinni driv eit gatebarnprosjekt her i byen. Bolivia, og kanskje særleg Cochabamba har store problem når det gjeld alkohol og mishandling i familien. Dette gjer at det er mange gatebarn. Pinni og dei ho jobbar med går ut på gatene, snakkar med ungane, oppfordrar dei til å jobbe og passar på at dei ikkje sniffar lim. Søndag skulle Pinni ut og snakke med ein gut enda ei gang. Han var blitt tatt vekk frå aktivitetane som dei driv fordi han ikkje ville forandre seg. Han rusa seg. Dette var ein gut som Pinni hadde gitt ekstra masse omsorg fordi han har hatt eit tøft liv. Og så hadde han sagt til henne ”ikkje kast bort tida di på meg, det er ikkje håp”. Denne morgonen skulle ho ut for å snakke med han ein gong til, for å forsikre han om at ho bryr seg om han.

Prosjektet til Pinni blir støtta økonomisk frå Norge. Sjekk ut http://www.nytthap.no/ (Her er det for eksempel ein god julegaveidé, du kan kjøpe kvadratmeter i ei tomt til prosjektet.)