Tuesday, November 23, 2010

søndagsmorgon

Søndags morgon ringte det på døra. Det var Pinni som berre skulle stikke innom ein liten tur for å finne noko på internett. Av og til møter ein menneske som imponerer, ho er ei slik. Me fekk ikkje sjekka nettet, men ho fortalte at ho var på veg ut på gata for å snakke med ein gut. Pinni driv eit gatebarnprosjekt her i byen. Bolivia, og kanskje særleg Cochabamba har store problem når det gjeld alkohol og mishandling i familien. Dette gjer at det er mange gatebarn. Pinni og dei ho jobbar med går ut på gatene, snakkar med ungane, oppfordrar dei til å jobbe og passar på at dei ikkje sniffar lim. Søndag skulle Pinni ut og snakke med ein gut enda ei gang. Han var blitt tatt vekk frå aktivitetane som dei driv fordi han ikkje ville forandre seg. Han rusa seg. Dette var ein gut som Pinni hadde gitt ekstra masse omsorg fordi han har hatt eit tøft liv. Og så hadde han sagt til henne ”ikkje kast bort tida di på meg, det er ikkje håp”. Denne morgonen skulle ho ut for å snakke med han ein gong til, for å forsikre han om at ho bryr seg om han.

Prosjektet til Pinni blir støtta økonomisk frå Norge. Sjekk ut http://www.nytthap.no/ (Her er det for eksempel ein god julegaveidé, du kan kjøpe kvadratmeter i ei tomt til prosjektet.)

No comments: