Tuesday, May 31, 2011

innestengte elevar

På morgonen i dag fekk eg ein telefon fra ei mor, "ungane kan ikkje koma på skulen i dag, dei har blokkert vegen rett nedanfor huset vårt". Då eg har lagt på ser eg at eg har fått melding, fra Elsa, om eg har snakka med dei andre foreldrene. Dei var visst også innestengt. Eg ringer dei, dei veit ikkje, dei ringer tilbake litt seinare og seier at dei trur det skal gå greit. Og 8.15, akkkurat på tida, er 6 elevar på plass, 2/3 av skulen. Far hadde køyrt omvegar for å klare å koma fram. Riktignok kjem det ein liten komentar om at dei gjerne skulle ønske at dei fortsatt hadde vore innestengt i gata si.

Bolivianarar streikar ikkje så mykje, men det dei gjer til gangs, det er å blokkere vegane. Dei som har noko dei vil ha sagt, stiller opp bilane sine på sentrale plasar, slik at det ikkje går an å køyre forbi. Tidleg på morgonen i dag køyrde drosjesjåførane ut på bruene, hovedvegane og andre plassar, for å stenge av (i dag var det dei som ikkje var fornøgd), og midt på dagen køyrde dei heim att. Om dei har fått det som dei ville, det veit eg ikkje. Men i morgo satsar me på å vera alle 9 på skulen igjen.

No comments: