Saturday, May 7, 2011

lasagne, Jesus og klær og sånn....



(forrige innlegg er eit samandrag av det som har skjedd fram til forrige torsdag)
På torsdag var det fullt hus heime hos meg. Ein del av dei som har vore på det Alphakurset me har holdt, kom på avslutningsmiddag. Lasagnane hadde stått i ovnen hos både meg og Preben ei god stund, og alt var klart til å ha ein koseleg middag. Gjestene kom, åt og kosa seg. Mange av dei som har gått på kurset ,går i den katolske kyrkja, eller dei går ikkje i kyrkja. Den katolske kyrkja i Sør Amerika er ei god blanding av katolsk tru og gamal andinsk religion. Så det at det berre er ved å tru på Jesus at ein kan koma til himmelen, er ukjent for mange. Mange trur at det som kan frelse dei er ein god blanding av gode gjerningar og ofring. I løpet av dette halve året som har gått, trur eg at mange av dei på kurset har begynt å tru at dei kan få koma til himmelen på grunn av Jesus. No er det fleire av dei som har lurt på kva som skjer no når kurset er over. Fins det eit kurs Betha? Etter middagen inviterte me dei med i kyrkja for å vera med på bibelsudie. Der underviste Kurt om kvite klær, altså at syndene våre vert dekt når me trur på Jesus. «Våre» Alphakursdeltakrar vart tatt godt imot av dei som var der, og sa at dei ville koma tilbake. Her i Bolivia så seier ein uansett at ein skal koma tilbake, så det treng ikkje bety at dei meinar det. Du kan gjerne be for dei som har gått på kurset. Be om at dei må få sjå nåden og at dei må få lære meir.

1 comment:

Sverre said...

Flott å lese om desse Anne!!
Brith-Jorunn