Saturday, May 7, 2011

I stillhet og tillit

(Ei rask oppsumering av Alphakurset me har hatt)

For litt over eit halvt år sidan begynte eg og Eva å be. Så snakka me om kva me kunne gjera. Eg sa at det går jo an å starte Alpakurs. Eg tenkte vel eigentleg at det kjem me nok ikkje til å gjere..... Eva traff ein mann i parken. Han hadde lyst til å lese Bibelen, men syns det var vanskeleg. Han lurte på om det ikkje var ei gruppe i kyrkja som ein kunne lese Bibelen i. Eva sa at det kjem det snart til å vera. Så måtte me starte Alphakurs.

Me spurte nokre andre om dei ville vera med å starte. Dei sa ja. Me ba om at det måtte koma mange på Alphamiddag. Det gjorde det. Me starta kurset. Det kom ikkje så mange. Joselo og Ana og nokre andre kom. Søstera deira Pinni har gått i den Lutherske kyrkja i mange år, heilt sidan misjonærbarnvenninna hennes inviterte henne med på ungdomsklubben. Joselo spurte om han kunne få lov til å ta med seg nokre ungdomar som han kjente, og på neste kurs gjorde han det.

Me spurte i kyrkja om nokon vil koma på Alphakurs. Dei kom ikkje. Så gjekk den eine søndagen etter den andre med Alphakurs. Nokre gonger med mange, nokre gonger med få.

Joselo og Ana fekk Bibel til jul (av Niklas og Miriam). Joselo spør spørsmål på kurset. Joselo spør spørsmål ved middagsbordet heime. Joselo spør spørsmål når han snakkar med Niklas på jobb.

Me spør igjen om nokon i kyrkja vil vera med på kurset. Nokon kjem nokre gonger. Kurset nærmar seg slutten. Eva og eg lurar på kva som kjem til å skje etterpå, når kurset er ferdig. Me ber om at dei må få noko å vera med på etter kurset. Ungdomane i kyrkja kjem på besøk. Dei byrjar å spele fotball med ungdomane på Alphakurset.

Kurset sluttar. Nokon foreslår at me skal ha ein avslutningsmiddag heime hos meg. Eg seier, ja, det er ein god ide. Eg reiser til Buenos Aires så det blir utsatt. Så reiser eg til Peru, så det blir utsatt. Så, endeleg blir datoen satt. Ein torsdag. Akkurat den torsdagen skal kyrkja begynne med eit nytt bibelstudie i kyrkja, så me byrjar litt tidleg for at det skal kunne gå an å bli med dit etter middagen. Klokka seks står Eva og eg på balkongen og ber om at folk må trives og at dei må bli med i kyrkja etterpå.

No comments: