Monday, May 9, 2011

Buenos Aires


I Bolivia var det slett ikkje lett å få tak i sukker for nokre månader sidan. No er det sukker å få tak i, men prisen har stege kraftig.

Så når ein da på ferie i framand land får delt ut sukkerpose på sukkerpose, er det berre å seie ja takk for ein (eigentleg ikkje så) fattig arbeidar i msijonssambandet.

I påska var Hege, Ivar, Elsa og eg på ferie i Buenos Aires. Og me fann ut at me skulle teste kor mykje sukker me fekk, dersom me tok vare på alle sukkerposane som kom til kaffien. Sidan me er godt oppdratt, har god folkeskikk og ikkje er frekke og grådige, tok me berre posar som kom med koppen. Dersom det vart sett fram ei korg med sukkerposar (det skjedde slik omtrentleg ved annekvar kopp), så vart det ingen sukkerfangst.

Ein kunne sikkert skrive blogginnlegg om alt ein kan gjere i Buenos Aires, og det kunne vorte både langt og interessant. Det har ikkje eg gjort, men dersom nokon lurar på kva me brukte tida på, så vil eg påstå at biletet gjev ein ganske god peikepinn. Dei hadde god kaffi i Argentina.

No comments: