Friday, July 1, 2011

fint liv

Eg innser at eg er heldig. Eg er akkurat ferdig med to fantastiske aar i Bolivia. Onsdag reiste eg fra Arequipa, der eg har vore ti dagar saman med Helge, og mora og sostera til Helge. Ikkje berre var det veldig kjekt aa vera med Helge, men eg har funne ut at familien hans er ogsaa veldig koselig. Naa er eg i Ecuador og den neste maaneden skal eg gjera akkurat det eg vil i Ecuador og Columbia saman med eit supert reisefolge. I morgo faar eg treffe igjen Margit og Paul etter altfor lang tid. Etter ein maaned paa loffen i Sor Amerika, skal eg loffe i Norge og treffe familie og venner, ete brunost og mjolkesjokolde. Saa skal eg tilbake til Peru, der eg skal bu i ein koselig leilighet, faa ein spennande jobb, og ikkje minst bu 200 meter fra Helge.

Saa til tross for at eg akkurat naa maa taale litt karaokemusikk fra ein eller anna plass i naerleiken, tenker eg at eg er skikkeleg heldig.

1 comment:

Jan Halvard said...

Så bra at du har det fint og skjønar at du er heldig!

Det er vel gjerne det som er å vere lykkeleg?


Lykke til og god sommar Anne!

Helsing
Jan Halvard
ex-volontør Misjonsalliansen, Bolivia 2010/11
¡Buenos dias Bolivia!