Monday, August 22, 2011

Campingliv







Joda, eg har sett ganske mange campingvogner i mitt liv, og hatt ganske masse med campingvogner å gjere. Kanskje eg til og med har sett inni ei campingvogn før, det er eg faktisk ikkje heilt sikker på. Men i mitt 31 år gamle liv har eg aldri sove i campingvogn, før nå. Og grunnen til at eg nå for første gang sov på sofaen/det nedsveiva bordet i midten (viss du ikkje veit kva eg snakkar om, så har kanskje ikkje du heller sove i campingvogn...) er fordi mamma og pappa skal bygge hytte. Og fram til første soverom er ferdig, så bur ein i campngvogn. Ingrid, mamma og eg reiste altså på "hyttetur" for å blant anna bygge utedo. Utedoen har nå golv, tre veggar og tak. Det kjem nok utedoen til å ha ei god stund til. For nå er campingvogna låst, drillen pakka med i bilen og i natt skal eg sova på luftmadrass, eit godt stykke vekk fra campingvogna.

No comments: