Monday, October 3, 2011

Heim




Det er godt å koma heim. Og særleg etter å ha reist i 13 timar, er det lite som er meir fristande enn å sove i egen seng. Men kva er heim, og kvar er heim. Eg pleier ikkje å bruke så lang tid på å kalle noko for heim, og utsagnet "eg går heim", har betydd mange forskjellige plassar dei siste månadene. Eg trur ikkje eg har sove meir enn 10 netter i strekk i den same senga sidan midten av juni.

Den heimen eg har nå har eg planer om å ha ein god del lenger enn ti netter. Denne heimen er ein koseleg leilighet i Quinta Tristan parken i Arequipa. Her har eg til nå sove 5 netter. Og når eg kom heim til denne leiligheten på lørdag måtte me gå frå andre sida av parken. Då tar eg meg sjølv i å tenke, kva for eit hus er det eigentleg eg bur i? Eg får resonert meg fram til riktig svar og låser oss inn. Dagen etter får eg svar på kvifor det såg litt annleis ut. Huset har skifta farge frå turkis til gult.

Og viss nokon lurar på kva postadressa heim til meg er, så er det Apartado 1387, Arequipa, Peru.

Og telefonnummeret heim til meg er 31 41 12 61. Det er ein norsk ip-telefon. Det vil si at det fungerer akkurat som ein norsk fasttelefon. Det kostar det same å ringe fra ein norsk telefon til dette nummeret, som til ein vanleg fasttelefon i Norge. (Men tidsforskjellen på 7 timar kan den ikkje gjere noko med)

2 comments:

Marta said...

Det er fint å få sjå bilder! Stor klem til deg :)

Eli-Anne said...

Artig å sjå bilder frå leiligheten eg budde i for fem år sidan;) -og spennande å lese om alt som skjer i Peru på bloggane dykkar! Lykke til med arbeidet du står i!