Sunday, March 14, 2010

besøk

Sidan sist eg skreiv har eg vore i Peru på skuletur. Kjempekjekt. Ovidie har skrive om det, så les hennes blogg :)

Dette har vore ei herleg helg. Første helga i Cochabamba på tre veker. Det er ei gruppe fra Fjellheim bibelskule i Tromsø som er i Bolivia, og nå er nokre få utvalgte av dei igjen så heldige at dei får nokre dagar i Cochabamba. Det betyr at eg og Jofrid og er heldige, for me har besøk av tre Fjellheimjenter. Det betyr igjen masse kaffedrikking på balkongen. Lurar på om det er noko som er betre enn kaffedrikking på balkongen i godt selskap?

Tusen takk for besøk Sandra, Solfrid og Gunnlaug!

No comments: