Tuesday, February 16, 2010

karneval slæsh (splæsh) vannkrig






Når det er karnval i Bolivia betyr det ikkje at folk kler seg ut i pippi eller kaptein sabeltann-kostyme, og et fastelavensbollar. Her er det VANNKRIG som er tingen. Moroa byrja alt for ein måned sidan når ivrige vannballongkastarar trena opp kastearmen. I dag er den o store dagen når det verkeleg er krig. "Alle" har fri og brukar dagen ute i gatene. Enten i ein bil, (helst ein pick-up/lastebil slik at du kan stå ute), eller berre i gatene, (helst ved lyskryss slik at du kan treffe godt gjennom åpne bilvindauge når det er raudt lys). Og skulle du vera i beit for vannpistol, vanngevær eller vannballongar er det ikkje noko prøblem. Det blir solgt på kvart gatehjørne. Du kan godt kalle heile byen ein drive-in vannkrig.

1 comment:

Mari said...

Det høyres utruleg artig ut!
Go Wild, Anne!