Sunday, December 12, 2010

Ei solskinshistorie?

“Jamen, eg trur det at han døde på korset, det skal vera for å hjelpe oss til å ikkje synde så masse, det skal vera eit symbol.” Dette vart sagt av ein ung cochabambinar I dag på alfakurset som me har her.

Dei som har lest andre sine bloggar har fått med seg at me har starta alfakurs. Alfakurs var noko Eva og eg snakka om ei gong på eit bønnemøte, men snakk og gjennomføring er jo ikkje alltid det same. Så skjedde det at Eva traff ein mann i parken som ho begynte å snakke med, og som syns at det var vannskeleg å lese i bibelen. Han lurte på om ikkje kyrkja vår hadde ei gruppe der ein kunne lese bibelen sammen og lære litt. Og det var da Eva måtte si at, nei ikkje enda, men snart! Og snakk vart til handling.

Desse vekene me har drive på har det vore mange tankar, frustrasjonar, problem og oppmuntringar. Det har heile tida virka som om Gud har vore med og ordna opp (for det me har kunna bidratt med har ikkje vore all verdens) Første kurskveld var det ikkje så mange, og det var da ein av deltakarane spurte, "kan eg ta med andre, eg kjenner nokon gutar i nabolaget her, dei vil sikkert." Og joda, i og med at me jo driv med misjon og gjerne vil ha med flest mogeleg, så var me ikkje så vannskelege på akkurat det. Andre kurskveld kom desse ungdomane, og i dag, tredje gangen hadde enkelte av ungomane med seg søsken og andre venner. Så nå har dei lært om, og diskutert om kvifor Jesus døde. Mange var ivrige og nysgjerrige. Håpar at dei heldt fram med å kome og at dei forstår kvifor Jesus døde.

Heile Sør-Amerika blir jo rekna som eit kristent kontinet, men dersom ein reknar etter kor mange som trur at jesus døde for syndene deira, og at det er den einaste vegen til frelsa, så er det ikkje sikkert at det blir så mange likevel.

Det er hvertfall eit lite under at det dukkar opp ein gjeng med ungdommar, som etter det eg veit ikkje pleier å gå veldig masse i kyrkja, og heilt frivillig sit å høyrer om at Jesus døde for syndene deira. Og om dette er ei solskinshistorie, (som kanskje er Utsyn verdig,) det kan eg koma tilbake til når kurset nærmar seg slutten, og ungdommane kanskje tenker og trur andre ting enn det som denne unge cochabambinaren sa i dag.

No comments: