Sunday, February 19, 2012

dagdrømmer og konkrete planer

"Syns du snart bør skrive litt på bloggen din att. Det er STOOORE ting som skjer i livet ditt no... [;-)] " Dette fekk eg beskjed om i dag. Problemet er vel at det er somregel lettare å skrive om dei små tinga. Men eg skal prøve. For eit år sidan dagdrømte eg om at eg kanskje kom til å bu og jobbe i Peru, men det var jo berre ein drøm. Planen min den gongen var å flytte tilbake til Norge. For litt over eit halvt år sidan var planen ofisielt endra. Eg hadde utvida kontrakten med eit år og gleda meg til å reise til Arequipa. For 1 1/2 månad sidan var eg i Norge og planen var at eg skulle vera i Arequipa ut juni 2012, etter det var det ingen plan. Men eg tenkte jo at eg hadde på ingen som helst måte lyst til å reise herfra i Juni. Om det var optimistisk eller realistisk å kjøpe med seg adventstjerne og pakke med seg i kofferten kan jo diskuterast. Det seier vel hvertfall litt om at at dagdrømmen mine og dei fastsatte skriftlige planene ikkje var heilt identiske. Men det er jo fint når drømmer går over til å bli planer. Så det var veldig fint når Helge 11.1.2012 klokka 12.11.01 spurte om eg ville gifte meg med han. Enda finare var det 11.1.2012 klokka 12.11.04 eller deromkring då eg faktisk forstod at Helge hadde lyst til å gifte seg med meg og drømmene kunne bli til planer.
Så da begynte ein del dagdrømmer å gå over til planer og dei planene som no er lagt er: 4. mai blir det bryllup ved konsulatet i Rio de Janeiro. Helge og eg tar altså ei langhelg til Brasil sammen med Elsa Varhaug og Margrethe og Andreas Bakke. 30. juni blir det vielse i kyrkja vår her i Arequipa, Nuestro Salvador i bydelen Hunter. Da håpar me på å feire sammen med folk fra kyrkja vår, andre venner og kjente i Peru og nokre fra familiane våre. Sommaren 2013 skal me på norgesferie, og for å få feira med dei som me gjerne vil feire sammen med, så er planen at det blir kakespising og meire til da. Akkurat iforhold til den festen er det foreløpig dagdrømmer og lite konkrete planer, så det skal eg heller koma tilbake til seinare. Så nå er livet meir eller mindre planlagt 4 år til, for både Helge sin og min kontrakt er nå utvida til 2016.

Saturday, December 3, 2011

på skulebesøk

"Nå kan alle lese," seier 1. klasse læraren med engasjement og stolthet i blikket. "Det var to elevar som ikkje kunne, men no kan dei også lese. Ei av dei kunne nesten ikkje spansk då ho begynte." Eg har vore på besøk på Martín Lutero, kyrkja si skule i Juliaca, og sett korleis ein time i 1. klasse artar seg. Ein etter ein av 6 åringane gjekk ivrig fram til tavla for lese høgt for alle dei andre. Etterpå har alle 30 elevane diktat og skriv ord med sirlig løkkeskrift i bøkene sine. Læraren fortel også at når ho går rundt i byen høyrer ho folk snakke om Martín Lutero: "Martín Lutero er ein bra skule, korleis kan den vera bra når den er statleg?" I Peru er det nemleg slik at det er to slags skular, private og statlege, veldig forenkla kan ein seie at private skular er gode og statlege skular er ikkje så gode. Dei fleste skulane kyrkja har, er statlege, altså at staten betalar lærarlønningar og bøker og elevane slepp å betale skulepengar. Det gjer at elevar frå familiar med dårleg økonomi også kan velge kyrkja sine skular. Og det som er kjekt er at skulane er gode skular som hevdar seg akademisk, og som samtidig er opptatt av at ungane skal få lære kva som står i Bibelen og få eit forhold til Jesus. :
(bildet er frå 4. klasse)

Monday, October 3, 2011

Heim




Det er godt å koma heim. Og særleg etter å ha reist i 13 timar, er det lite som er meir fristande enn å sove i egen seng. Men kva er heim, og kvar er heim. Eg pleier ikkje å bruke så lang tid på å kalle noko for heim, og utsagnet "eg går heim", har betydd mange forskjellige plassar dei siste månadene. Eg trur ikkje eg har sove meir enn 10 netter i strekk i den same senga sidan midten av juni.

Den heimen eg har nå har eg planer om å ha ein god del lenger enn ti netter. Denne heimen er ein koseleg leilighet i Quinta Tristan parken i Arequipa. Her har eg til nå sove 5 netter. Og når eg kom heim til denne leiligheten på lørdag måtte me gå frå andre sida av parken. Då tar eg meg sjølv i å tenke, kva for eit hus er det eigentleg eg bur i? Eg får resonert meg fram til riktig svar og låser oss inn. Dagen etter får eg svar på kvifor det såg litt annleis ut. Huset har skifta farge frå turkis til gult.

Og viss nokon lurar på kva postadressa heim til meg er, så er det Apartado 1387, Arequipa, Peru.

Og telefonnummeret heim til meg er 31 41 12 61. Det er ein norsk ip-telefon. Det vil si at det fungerer akkurat som ein norsk fasttelefon. Det kostar det same å ringe fra ein norsk telefon til dette nummeret, som til ein vanleg fasttelefon i Norge. (Men tidsforskjellen på 7 timar kan den ikkje gjere noko med)

Monday, August 22, 2011

Campingliv







Joda, eg har sett ganske mange campingvogner i mitt liv, og hatt ganske masse med campingvogner å gjere. Kanskje eg til og med har sett inni ei campingvogn før, det er eg faktisk ikkje heilt sikker på. Men i mitt 31 år gamle liv har eg aldri sove i campingvogn, før nå. Og grunnen til at eg nå for første gang sov på sofaen/det nedsveiva bordet i midten (viss du ikkje veit kva eg snakkar om, så har kanskje ikkje du heller sove i campingvogn...) er fordi mamma og pappa skal bygge hytte. Og fram til første soverom er ferdig, så bur ein i campngvogn. Ingrid, mamma og eg reiste altså på "hyttetur" for å blant anna bygge utedo. Utedoen har nå golv, tre veggar og tak. Det kjem nok utedoen til å ha ei god stund til. For nå er campingvogna låst, drillen pakka med i bilen og i natt skal eg sova på luftmadrass, eit godt stykke vekk fra campingvogna.

Friday, August 5, 2011

Ferie i Ecuador og Colombia









Bilder fra ferien i Ecuador og COlombia i juli









Thursday, August 4, 2011

Skal du ha ein pose eller?




Spurte kassadama på ICA. Eh jaa, svarar eg, kva er det for eit spørsmål. Eg har handla mat, klart eg skal ha pose. Er det nok med ein? spør kassadama. Og eg tenker at det mest naturlege ville vel vore fem, hvertfall på IC-norte i Cochabamba. Ein til shampoen, ein til grønsakene osv. Men eg må jo prøve å tilpasse meg kulturen, så eg ber om to. Då får eg plass til nesten alt. Shampoen legg eg saman med grønsakene og tørrvarene. Potetposen må eg bere utan å putte han i ein ICA-pose.

Det er 4. dagen min i Norge, og stort sett har ikkje ting forandra seg så mykje. Heime hos mamma og pappa i Ål er det også ganske likt som før. Akkurat nå les Mari Hallingdølen, Ingrid lagar fiskesuppe og Mamma og Ottar hesjar. Eg har det fint.

Friday, July 1, 2011

fint liv

Eg innser at eg er heldig. Eg er akkurat ferdig med to fantastiske aar i Bolivia. Onsdag reiste eg fra Arequipa, der eg har vore ti dagar saman med Helge, og mora og sostera til Helge. Ikkje berre var det veldig kjekt aa vera med Helge, men eg har funne ut at familien hans er ogsaa veldig koselig. Naa er eg i Ecuador og den neste maaneden skal eg gjera akkurat det eg vil i Ecuador og Columbia saman med eit supert reisefolge. I morgo faar eg treffe igjen Margit og Paul etter altfor lang tid. Etter ein maaned paa loffen i Sor Amerika, skal eg loffe i Norge og treffe familie og venner, ete brunost og mjolkesjokolde. Saa skal eg tilbake til Peru, der eg skal bu i ein koselig leilighet, faa ein spennande jobb, og ikkje minst bu 200 meter fra Helge.

Saa til tross for at eg akkurat naa maa taale litt karaokemusikk fra ein eller anna plass i naerleiken, tenker eg at eg er skikkeleg heldig.