Thursday, February 18, 2010

Ting tar fort litt tid

I dag var planen å sjekke ut ei språkskule. På førehanf hadde eg sendt litt mail og trudde eg hadde fått vite det eg burde vite. Dei ville at eg skulle koma innom for å ta ei nivåprøve. Eg reiste fra skulen litt over tre. Går for å finne micro(buss), ventar litt på bussen, tar bussen. Veit ikkje heilt kvar eg skal g¨av bussen. Går ei god stund for å finne språkskulen. Er i rett gate. Klokka er 16.00. Telefonen ringer. Ingen som er att på skulen har nøkkel, så eg må tilbake for å låse. Tar taxi til skulen. Spør om nokon veit om ein buss som går litt nærmare enn den eg tok forrige gang. Nokon veit om ein buss som går nærmare.Eg går dit. Spør nokon andre. Dei seier at her er det ingen buss. Eg blir sendt ein anna stad. Finn ein buss som passar. Finn språkskulen. Må stå litt i kø. Får ei språkprøve som eg skal ta. Går inn på eit rom for å ta prøva. Leverer prøva. Snakkar litt om pris. Eg syns det virkar som ei bra skule. Eg spør heilt til sist, eg kan vel få factura har? (Factura er ein slags kvitering som viser at ein har betalt skatt. For å kunne gje ut faktura må ein vere registrert) Nei svarar dama, me er under godkjenning. Og viss eg har fostått saker og ting rett så betyr det at eg ikkje kan gå på den skulen. Det fann eg ut ca kl 18.00.

No comments: